Frå 1. januar 2020 er kommunane Balestrand, Leikanger og
Sogndal slegne saman til Sogndal kommune. Kommunen har 11 972
innbyggjarar (ved utgangen av 1. kvartal 2021, tal frå
Statistisk sentralbyrå) og er den tolvte største
kommunen i Vestland fylke etter folketal. Sogndal har hatt sterk
vekst i folketalet dei seinare åra. Sogndal kommune er
regionsenteret i Sogn. Kommunesenteret er tettstaden Sogndal, som
skal vere motor for utviklinga både for kommunen og regionen
Kommunesenteret skal vera eit attraktivt senter i den nye kommunen
og fremje livskvalitet, robust næringsliv og
miljøvenleg transport. Det skal leggjast til rette for vekst
og utvikling i heile den nye kommunen. Leikanger er
administrasjonsstad i kommunen. Politisk og administrativ leiing er
lokalisert her. Leikanger er vertsstad for fylkeskommune,
fylkesmann og andre statlege etatar. Leikanger og Sogndal har over
lang tid etablert sterke fagmiljø innan offentleg
forvaltning og utdanning. Kommunen er vertskap for to
vidaregåande skular og Campus for Høgskulen på
Vestlandet. Balestrand vert satsa på som lokalsenter i den
vestlege delen av kommunen. Kommunen har store fortrinn med den
flotte naturen. Balestrand er eit internasjonalt anerkjent
turistmål. Sogndal har etablert seg som eit viktig
destinasjonsmål for aktivitetsbasert reiseliv. Kommunen har
høg næringsvariasjon og driv eit offensivt
næringsarbeid. Næringsarbeidet byggjer på dei
lokale og regionale fortrinna kommunen har. Kommunen skal
vidareutvikle satsinga på reiseliv i Balestrand,
Fjærland og Sogndalsdalen, på innovasjon og
grundermiljøa på Campus, på
industrimiljøet på Kaupanger, utdannings- og
handelssenteret Sogndal og på kompetansemiljøa i
Leikanger. Kommunen har eit godt eigna klima for frukt og
bærproduksjon. Kommunen har eit stort mangfald av frivillige
lag og organisasjonar, og eit rikt tilbod innan idrett- og kultur.